Reisebrev fra, og ein politisk kommentar til, det «kommunistiske» Kuba!

Gjestebrev fra PÅL HOVSTAD. Jeg (Bjørnar) mottok i forrige uke en epost fra Pål Hovstad med et reisebrev som han skrev for tre år siden da han var på Cuba, og som han fant igjen en dag han ryddet i Drafts-katalogen i mailen sin. Det er en skildring av et fascinerende land skrevet av en fascinerende mann som har en tendens til å se verden med litt andre øyne enn de fleste andre. Det er lenge siden jeg har ledd så kraftig av en tekst jeg har lest som denne.

Brevet er gjengitt med forfatterens tillatelse.

På nettene kryp rottene fram fra dei mange kloakkhola i gatene, ei rotte forsvant nedi eit slikt hol rett framføre meg på veg hit til den eine internett kafeen i byen. Gate biletet er også prega av dei mange laushundane som visstnok har fortjent seg livets rett. Desse hundane er magre og skitne skinnfellar som ligg dvaske og late på den varme asfalten om dagane. Det krelar av larvar og midd i deira mange opne sår. Mange hundar er herrelause, ellar det kan sjå ut som at dei er tilknytta fellesskapet på eit vis. Om nettene står nokre hundar innestengde i bakgårdane og gjøyr slik eg har store vanskeligheiter med å sova. Men eg har arrangert for at mor mi no skal senda ned nokre øyreplugger saman med andre varer med DHL, slike øyrepluggar i voks ein kan få kjøpa på apoteket. Kanskje kan situasjonen betra seg og eg kan få sova betre.

Her ei natt stod eg opp i sinne etter mange søvnlause timar og gjekk ut for å identifisera denne hunden i nabolaget som gøyr samanhengande heile nettene. Eg har planar om å drepa den hunden. Eg veit ikkje sikkert, men eg går utifrå den er til salgs for ein viss sum pengar, så kan ein få gjort det på ein ryddig måte slik at den aktuelle parten (hundeeigar) får ein kompensasjon for tapet. Eg fekk veta i går at det angiveleg er ein opprensking ein gong i blant hvor desse gatehundane vert fanga inn og kjøyrde til ein alligatorfarm der dei endar sin skjebne som alligator mat. Her kan eg sjå føre meg at dei vert dramatisk kasta over eit rekkverk kvar dei flyg fleire meter i lufta for så å landa i eit basseng som er til dei grader fullt til randen av alligatorar som kjempar innbyrdes om hundane og slit dei i stykker med dei kraftige kjevane sine. Eg vonar ei slik opprensking kunne hjulpe.

Eg har frå tidligare høyrt den viten at også hundar, såvell som kattar, kan væra dyktige muse og rotte jægarar, særlig raser som Snauser og Terriere. Desse tankene har til stadighet kome fram når eg har vandra gatelangs på kveldstid og observert rottene. Eg rettar skarp kritikk mot hundane: Kvifor dei ikkje jagar og glefsar etter rottene! Dette er for meg uholdbart og eit mysterium. Kanskje er det siik at hundane er late og slappe pga. varmen og den høge luftfyktigheita som herjer ? Eller er det ein såkalla «falsk vitenskap» at hundar jager rotter?

Grunna den intensive varmen og den trykkande fuktigheita har eg mange gonger enda mine ettemiddagar lidande naken på senga under airconditionen, her har eg låge heilt i ro og drukke nokre kalde kubanske Øl (Buccanero), medan eg har spelt noko Bob Marley på ein gamal sliten bærbar cd spelar eg lånar frå husherren. Det er meg altså tilgjengeleg å til ein viss grad forstå hundanes manglande jaktlyst, men det ein ikkje må utelata i denne argumentasjonen er hundanes godt synlege ribbein og kor magre dei er. Om eg i den gitte situsjonen under airconditionen hadde motstått ein velsmakande rett på tom mage? Dette treng eg ikkje kommentera vidare, svaret er sjølvsagt nei! Desse hundane har i mine auge ikkje fortjent seg livets rett og det stikk i meg å sjå dei ligga i gatene, i vegen for passerande bilar og hestekjerrar som kjører drosje.

Men bilane stoppar og tek hensyn, åja! Alle har så god tid her på Kuba. Men hundane registrerar ikkje bilane eingong, hundane er respektlause. Mange gonger må bilane rulla så forsiktig, så forsiktig mot hundane. Når hundane kjem under støtfangaren eller den skubbar i dei reisar dei seg kanskje sakte opp og ruslar vekk. Nokre gonger må bilførar ut av bilen og jaga dei vekk. Å kor dei fristar til å ynskje nokon berre kunne fortsatt i sin fart rett fram. Kubanarane brukar ikkje søppelkassar som oss, men dei har ein søppelbil som kjem ein gong eller to i veka. Då legg dei allt søppellet sitt i posar langs vegen på kvelden for at søppelbilen skal henta det neste morgon. Men sjølvsagt har hundane i løpet av natta reve posane i stykker og drege søppelet utover gata. Nå har eg vore her i over to måneder og dette kan eg observera kvar veke. Eg ser posane igjen og igjen bli lagte ut på gata, men berre for at hundane så skal slite dei i stykker og øydeleggja! Kvifor heng dei ikkje posane opp på nokre kroker! Slutningen kan takast at Kubanarane berre har eit delvis fungerande renovasjonssystem

Dei spelar mykje baseball på kuba. På kveldstid er ungar og ungdomar ute i gatene og spelar medan dei gamle sit på trappene og ser på og slappar av. Kubanarane likar å klage mykje på kor utilgjengelige forskjellige «luksus» artiklar er, som balltre og baseball ballar til dømes. Eg har sett nokre balltre men oftast brukar dei berre nokre tynne jernrøyr, kanskje ikkje tjukkare enn ein tommel. Og så har dei ein liten sprettball dei kastar. Men ikkje tru at dei lar væra å kasta så hardt og fort dei kan mot han som slår med det tynne jernrøyret. Men alikevel så treff dei, gong ettar gong. Så er det vel ikkje ei gåte at kubanerane er verdens beste baseball spelara.

Men ang. klaginga over mangelen på balltre. Eg stoppa opp ein kveld og spurte ein spelar om balltre som snakka godt engelsk. Eg visste kven han var, då han var ein av «desse» som forsynte seg grådigt av dei villige Norske studinene. Han begynte med ein gong og remja og syta om kor fælt det var dei berre hadde desse jernrøyra og ikkje nokre balltre.» Its hard in Cuba, so little things, trade blockade, bla bla bla». Eg spurte: Do you have knifes in Cuba ?» Why dont you take a nice straight branch from one of your many trees and use the knife to make a bat? Han berra kikka dumt og forvirra på meg. Så starta han om igjen med argumenta sine. Tre fire gonger gjentok eg at dei berre kunne laga eit balltre av ei grein men han ville ikkje høyra. Dette evner eg ikkje å forstå.

Kva er det med denne vesle «ubetydelige» nasjonen som har tirra og provoset amerikanarane så voldsomt? Castro som har så mykje nasjonale utfordringar og ikkje er ein egentlig betydelig internasjonal aktør har klart å tirra amerikanske presidentar i tiår. Dette landet der Lægar og Universitets professorar arbeidar som drosje sjåførar og dørvakter på uteplasser for turistar. Kanskje må eg tillata og akseptera at desse hundane skal væra ein torn i mitt kjød, som eit symbol har dei kanskje fortjent sin rett alikevel? På vakkert vis spelar dei sin poetiske rolle med å provosera og tirra meg. Det er som dei hånar det vestlige med alt sitt jag og slit og skrattar mot meg. Så kan eg høyra sangen deira: «Kvifor fanga rotter og jaga rundt og glefsa når ein kan liggja på varm asfalt dagen lang og eta nokre skorper som vert slengde til oss, visst er det lite, visst er det skralt, men klarar vi oss ikkje- klarar vi oss ikkje »

Denne songen vonar eg at dei Amerikanske presidentande og har høyrt, dei har jo forsøkt å ta livet av Castro uttallige gonger men Castro bort seg kverv og kringar og slepp av leiken ut. Faktum er at då Kuba i løpet av hungersnøden på nitti tallet, dette tiåret vert på folkemunne kalla for «ris og bønner», mottok internasjonal nødhjelp på X-antall millioner. Nå kjem eg ikkje i hug tallet men det var ein betydelig sum. Desse pengane ga Castro straks til USA og gjorde eit nummer ut av det med internasjonal presse til stede. Det er mykje med kuba og folket her som i mine auge har paralellar til Sporven, dette mitt yndlingsdikt/vise. Eg og syster mi Elisabeth, som og er her på Kuba, framførte duett med denne visa for ikkje så lenge sidan for fullsalet buss på veg frå Havannna til Cienfuegos til strålande applaus og ovasjoner. Castro er som kjent ein sjarmerande røvar og for å svara på dei spørsmåla eg har reist om kva det er med denne nasjonen osv som provoserar establemanget i USA så ser eg at Garborgs Haugtussa igjen blir aktuell, i denne samanheng med Sporven spesielt.

Sporven.
-Småsprven gjeng i tunet og tippar korn og ribbar strå og hev så god ein une (trivsel)
og ler åt katten grå. Pip, pip det så seg lagar alle dagar,
at Monsemann meg jagar men kan meg aldrig få!

Eg er så lett på vengen, og Mons må sleike seg om trut.
kvitt, kvitt, den gamle drengen han fekk så mang ei sut (sorg)
Og om i vide ringar hauken svingar
eg bort meg kverv og kringar og slepp av leiken ut.

Eg lever dagar lette eg er fornøgd, å ja, å ja!
Kvar dag eg fær min mette som eg det best vil ha
Pytt pytt, treng aldri røa (snakke, nemne det, eller noe sånt tror eg)
Nok i løa. Der ligg den rike grøda der kan eg berre ta.

og tidt eg fær i joli ein godbit fin av veslemøy,
og frys det, hev eg skjol i det gode varme høy.
Og så, kvitt-kvitt, god morgon, så kjem våren.
då fri på vengen boren eg byggjer reir på øy.

Dette innlegget ble postet 12. mai 2009 kl. 8:00 og er kategorisert under Artikler/reportasjer/essay. Du kan følge kommentarer til dette innlegget gjennom en nyhetsstrøm. Du kan legge til en kommentar, eller sende tilbaketråkk fra din egen blogg. Her har du en direktelenke.

2 KOMMENTARER

  1. Ragnhild Thu sier:

    Fantastisk reisebrev! :) Hadde heilt glømt kor løyen han er…

  2. PålB sier:

    Me too! Han skriver prikk likt slik han snakker. Jeg hører Påls stemme (dobbelbetydning, fantastisk) når jeg leser dette :)

Legg til en kommentar